«Eit medlemskap gir deg støtte når det bles som verst, og samtidig blir du ein del av eit fellesskap som jobbar for betre vilkår i bransjen.»
Simon Engeset Løfoll
Å være fagorganisert i kulturbransjen er viktigere enn noen gang. Vi har snakket med et av Creos medlemmer, Simon Engeset Løfoll – en engasjert skuespiller og musikalartist – som deler hvorfor han har valgt å være en del av fellesskapet.
Hvem er du?
– Eg er ein 27 år gamal skodespelar og musikalartist frå Volda. Eg er ein person med mange interesser, men scenekunsten står mitt hjarte spesielt nært. Her finn eg nok meining til å fylle minst tre livstider, og eg håpar å halde meg aktiv og engasjert i kunsten så lenge det fortsatt finnast pust og puls igjen i meg.
Kan du fortelle litt om din bakgrunn og hva du jobbar med?
– Eg har ein bachelor i drama og teater med musikkvitenskap frå NTNU og ein bachelor i musikkteater frå Høyskolen Kristiana (tidlegare Musikkteaterhøyskolen) pluss folkehøgskule, og tek no også praktisk-pedagogisk utdanning på KHiO.
Eg jobbar for tida mykje med barn, både med liveshow for MOUS A/S og med babysang på deltid. I liveshowa får eg reist over heile landet (og litt hos Söta Bror) med kjente merkenamn og opptre for store og små, og vi er heldige som kan få ganske store publikum. Eg hugsar forrige gang vi var på Strømmen Storsenter: i det eg gjekk ut døra frå backstage og kom på scena blei eg nesten slått i bakken av energien. Det var stappfullt av folk i fleire etasjer rundt oss, og stemninga eksploderte i det tusen ungar såg idola sine komme på scena. I fjor var vi også på Palmesus og fekk fylle den svære scena ved Bystranda. Det kan bli skikkeleg popstjerne-stemning, og eg kjenner meg heldig som får oppleve det.
I tillegg til jobb og studier er eg og vara-representant i Musikkteaterforum (MTF), den faglege samanslutninga for musikkteater i Creo.
Hva er den viktigste grunnen til at du er medlem i Creo?
– Det må vere tryggleiken det gir. I tillegg til at konkurransen om jobbane i kunst og kultur er beinhard, så er der også mykje ymse med tanke på arbeidsforhold, kontrakter og betaling osb. Med medlemskap i Creo så har eg nokon å gå til for rådgiving og juridisk hjelp, tydelegare retningslinjer for kva som bør gjelde i eit arbeidsforhold og styrken som kjem av eit større fellesskap.
Hvilke medlemsfordeler i Creo er mest verdifulle for deg?
– Dei to fordelane eg gjerne vil trekke fram er forsikring og juridisk bistand. Eg veit at eg får hjelp av Creo når eg lurer på noko juridisk i arbeidet mitt, om det vere seg kva som er rimeleg i ei kontrakt eller regelrette tvistar og konflikter. Vidare har eg eit godt inntrykk av forsikringsordningane ein får tilbod om, som for meg er viktig for å kjenne på tryggleik og stabilitet i det som kan vere eit hektisk og svært variert kunstnarliv.
«Eit medlemskap gir deg støtte når det bles som verst, og samtidig blir du ein del av eit fellesskap som jobbar for betre vilkår i bransjen.»
Simon Engeset Løfoll
Har du noen gang fått personlig hjelp frå Creo?
– Då eg i fjor fekk stipend av Kulturdirektoratet var eg litt forvirra rundt kva som var rett å føre inn i rekneskapssystemet mitt. Eg blei litt kasteball mellom ulike statlege instansar som meinte forskjellige ting, men Creo hjalp meg med å sette skapet på plass og finne ut nøyaktig kva som var gjeldande for meg og min situasjon. Byråkratiet er ikkje alltid lett å navigere i, og då var det godt å ha støtte i nokon med god kunnskap på feltet.
Hvorfor er det viktig å være fagorganisert når en jobber i kulturbransjen?
– Fordi vi står sterkare saman! Som tidlegare nemnd så er bransjen vår ofte ikkje enkel å leve i, og det kan bli stor skeivheit i maktforholda mellom arveidsgivar og arbeidstakar (og frilansar/sjølvstendig næringsdrivande). Då er det viktig at vi går saman om å stille krav heller enn å underby kvarandre til grunne. Vi treng, som alle, eit bærekraftig arbeidsliv med levelege arbeidsforhold. Då trur eg at det er viktig med ein open dialog der vi kan løfte kvarandre opp.
Hva vil du si til andre som vurderer å melde seg inn i Creo?
– Meld deg inn! Inntrykket mitt er at det ikkje er superviktig kva fagforbund ein velg å vere medlem i, men at du faktisk er medlem. Eit medlemskap gir deg støtte når det bles som verst, og samtidig blir du ein del av eit fellesskap som jobbar for betre vilkår i bransjen.
Melder du deg inn i Creo i januar-februar, får du gratis medlemskap ut semesteret! Tilbudet gjelder alle nye studentmedlemmer i Creo.
Som studentmedlem i Creo er du sikret en trygg start på karrieren din. Du får ikke bare tilgang til et nettverk av profesjonelle rådgivere, men også verktøyene du trenger for å navigere i en spennende, men krevende bransje. Med alt fra juridisk rådgivning til markedets beste forsikringsavtaler, er Creo med på å sikre at du kan fokusere på det du gjør best.